Tuesday, December 30, 2008

Skemmtileg saga sem ég hef tekið frá aftenbladet.no

Tom Hetland er greinilega sniðugur kall og kann ýmislegt fyrir sér, húrra fyrir honum.

Soga om islendingane og det store pengespelet
Eirik Raude heitte ein mann. Han var frå Øksnavad på Jæren. Eirik var snøggsint og vågal, og drap fleire menn. Difor laut han røma landet. Han sette seg i langskipet sitt og rak for ver og vind til han kom til Island.

Der heldt Eirik fram med å hogga ned folk, slik han hadde for vane. Og snart vart han lyst fredlaus på Island òg.

Eirik la ut på havet att. Han dreiv nordover, og etter ei tid kom han til eit land som var dekt av is og snø. Eirik sette seg føre at han ville byggja dette landet, og han kalla det Grønland, av di han ville lokka fleire menn dit. Mange trudde på han, og same sommaren drog det 25 skip etter Eirik til det nye landet. Men berre 14 av dei kom fram.

Eirik hadde ein son som heitte Leiv. Han var djerv og full av vågemot som far sin, og var lite nøgd med å jakta på selhundar og kvalrossar mellom isflaka på Grønland. Han rusta ut eit skip og rak vestover til eit land som var snautt og verhardt, men Leiv kalla det Vinland, og då Leiv og mennene hans kom attende, sa dei at der var sjølvsådde kveiteåkrar og vinbuskar overalt, for dei ville lokka folk til det nye landet. Mange drog, men få vart verande. Somme fall i strid med dei raudhuda skrælingane som budde der frå før. Andre drog sørover i landet og vart aldri meir spurde. Men dei fleste vende attende og slo seg til på Island.

Etterkomarane til Eirik og Leiv vart sitjande på Island i tusen år. Dei fortalde soger, fiska torsk og drakk sterk drykk frå svartedaudstida. Lite brydde dei seg om verda ikring, og andre folk ansa lite på dei. Av og til spruta det eld frå fjellet og varmt vatn or jorda, men jamnast var dagane deira lange og keisame.

Dei kvad:


Stolte soga
sig bort i skodda,
einsam på øy
sit Eirik-flokken.

Dåd og djervskap
var Islands-dygder,
tidtrøyte vesal
er torske-turking.

Ein kveld dei sat over drykken, sa ein av dei yngste i flokken: «Stor skam er det at menn av Eiriks ætt sit ved gruva og grev som skrøpelege kjerringar. Men no har eg funne opp eit spel som skal vekkja vågemotet og sløgskapen dykkar opp frå dei daude. Hugs at dei djerve forfedrane våre la ut på opne havet utan å vita kvar ferda ville enda. No vil eg at vi skal gjera det same, men på ein annan måte.

Legg no alle sølvmyntane og alt gullet dykkar på bordet. Knyt deretter bind for augo, og så tek de til å byta pengar. Men de skal gjera det slik at den som gjev frå seg eit gullstykke, skal låna ti av mannen ved sida av, og han skal låna hundre av nestemann. Og når me kjem ut og skal spela med allmugefolk, narrar me dei til å tru at den som sit att med mest skuld når sola går ned, hadde vunne spelet.»


Mennene slo på skjolda og sa at dette var ein leik som høvde utifrå godt på Island. Snart hadde spelet breidd seg ut over heile landet, og islendingane hadde stor gaman med det. Mang ein mann fekk no meir skuld enn han kunne bera, men islendingane visste råd. På sølvmyntane skreiv dei ti kroner i staden for ei, og på gullstykka tusen i staden for hundre, og endå meir etter kvart som skulda auka. På det viset trudde dei seg rikare enn nokon gong, endå om dei ikkje hadde fleire penningar enn før.

Ein sommar drog nokre av islendingane vestover til Vinland. I den største kaupangen i landet, den dei kallar Ny-Jorvik, kom dei til ei gate som heitte Vegg-gata. Her var det overlag høge hus som skygde for sola, og alle mennene gjekk rundt i kvite silkebrynjer og svarte kapper med smale striper på. Dei tala høgt og snøgt, og såg svært annige ut. Islendingane såg at dei bytte penningar, og gav seg til å tala med dei. Då synte det seg at nokre av dei ætta etter mennene som Leiv hadde hatt med seg til Vinland tusen år for, og som hadde gjeve seg på vandring sørover.

Då dei skjøna at dei var skyldfolk, fall islendingane og vinlendingane om halsen på kvarandre og ropa høgt av glede. Vinlendingane baud på både øl og vin. Islendingane var vel nøgde, for om drykken var i tynnaste laget, så var horna større enn noko dei hadde sett på Island.

Så fortalde islendingane om spelet dei leika seg med heime i gamlelandet. Og då vinlandsmennene hadde lært seg det, var dei ikkje til å stogga. Dei sprang ut i gata, la seg på kne framfor gudebiletet av ein stut, og lova Odin og Tor fordi dei hadde sendt dei slike penning-trollmenn. Så gjekk dei attende til islendingane, blanda blod med dei og sa: «Vita skal de at pengemakta vår er stor, og vi byter gull med alle land. Med dykkar hjelp vil vi no læra heile verda det nye spelet, og så vil rikdommen vår auka.»

Dei kvad:

Med Vinlands-vener
skal verda vinnast
leikande lett
på lånevegen.

Godtrune grannar
vil gullet ofra,
smalstripe-skokken
supar av skåla.

Islendingane drog no vidare til Noreg, England og mange andre land. Overalt lokka dei folk til å gi frå seg gullet sitt, og så sette dei i gang med låneleiken.

På denne tida styrte ein mann som dei kalla Brune-Gordon i England. Han var av skotsk ætt, og skottane var kjende for å vera meir knipne med skillingane sine enn noko anna folk.

Brune-Gordon samla allmugen kring seg og tala til dei med streng røyst:
«Lenge er det sidan riket vårt var stort og mektig, og stolte engelske menn rådde over jorda og samla rikdom i kister og skrin. No trur eg de er blitt reint synkvervde av nokre fisketevjande veraballeetarar frå ein holme langt nord i havet. Dei kjem hit og talar eit uskjøneleg mål, og de let dykk narra til å gi frå dykk alt gullet og sølvet dykkar, slik at desse penningberserkane kan få spela seg med det. Aldri har vi engelskmenn hatt noko godt i vente frå menn av vikingætt. Gå no til islendingane og krev pengane attende før det er for seint.»


Engelskmennene rusta seg med øks og spjut og gjekk på islendingane. Men dei slo berre ut med hendene og sa at dei visste ikkje kor gullet var blitt av. Islendingane fekk med nauda berga seg på skipa sine og lagt frå land før engelskmennene gav dei banehogg. Brune-Gordon svinga hammaren og svor at han skulle rusta ut store langskip med hærmenn og syta for at det korkje kom snøggvogner frå Saksland eller geysirvin frå Frankarriket til islendingane før engelskmennene hadde fått tilbake gullet sitt.

Då folk på Island fekk høyra dette, vart det stor øsing i landet. Islendingane sette seg til å telja penningane sine, og flest alle fann ut at dei hadde tapt det meste av det dei åtte på pengespelet. I flokk drog dei til Alltinget og reiste ei stor nidstong mot drottseten, som heitte Harde-Geir.

Dei ropa: «Klokast av alle skulle du vera, men du sleppte desse seidmennene laus for å leggja landet øyde. Stort svik er dette mot folket ditt. Rettast var det om me sette deg ut på havet i ein båt utan årar og let deg driva for straum og storm.»

Harde-Geir vart redd då han høyrde slik tale. Då mørkret fall på, reid han frå tinget til skipet sitt, sette segl og drog til Noreg. Der gjekk han beint til Stolte-Jens, som rådde i Noreg på denne tida. Geir kasta seg på kne framfor Jens og bad:
«Ille har vi stelt oss, og stor er nauda vår. Men eg veit at du har større rikdom enn du kan nytta, hjelp oss no, for gamalt blodsbands skuld!»


Jens svara: «Mykje ufred vart vi sparte for då Eirik flydde landet, og i tusen år har vi levd i fred for ætta hans. Du skal få av gullet vårt. Men lov meg då at de held dykk i ro på Island og fangar fisk og diktar soger som før, og aldri meir freistar med pengetrolldom.»


Harde-Geir lova å gjera som Jens hadde sagt. Han lasta skipet med gull og sølv og drog attende til Island. Men i alle land gjekk folk rundt og undrast på kor pengane deira brått var blitt av.

<$I18NNumbelgsyrði$>:

Blogger Vallitralli said...

"fisketevjande veraballeetarar" finnst mér fyndið. Nýnorskan er eitthvað svo skemmtilega kjánaleg.

Fiskþefjandi hrútspungaætur

30/12/08 11:59  
Anonymous Anonymous said...

Þessi saga er alveg tær snilld !!

31/12/08 17:56  

Post a Comment

Subscribe to Post Comments [Atom]

<< Home